Oppstart av reguleringslplan for Malkeplassen


02. april 2019

Nytt barne- og familieområde

Håradalen Utvikling melde i midten av februar oppstart av ny reguleringsplan i området langs RV520. I kommunedelplanen er det her lagt til rette for hytter, leiligheter, næringsaktivitet og skitrekk. Dette vert eit samarbeidsprosjekt mellom Håradalen Utvikling og Røldal Skisenter. Planen er å bygge eit nytt baseområdet tilrettelagt for heile familien. Det vert planlagt for ein ny barneheis og parkområde, samt servicebygg med varmestove, skiutleige og leiligheter. Litt fram i tid er planen å knytte dette området saman med Røldal Express med ein ny skiheis. Når dette er ferdig utbygd vil Røldal Skisenter ha ein total fallhøgde på omtrent 700 høgdemeter.

Navnet Malkaplassen er ei videreføring av dei gamle stadsnamna Håradalen Utvikling har brukt i dei andre felta, som Hagabekk, Myklastøl og Sjurasvingen. Garden Hårajuvet i Røldal hadde sommarbeitet og malksplassen sin her før i tida.

Vidare planlegg Håradalen Utvikling å bygge ut området med leiligheter og frittståande hytter. Sjølve utbygginga vil nok skje i fleire trinn, der barne- og familieområdet er det som vil prioritert i fyrste omgong.

Håradalen Utvikling og Røldal Skisenter håpar på byggestart i løpet av 2020.

For spørsmål, eller berre ein hyggelig prat, kan du ta kontakt med André Botnen på telefon 48230109, eller på epost andre.botnen@haradalen-utvikling.no